Ledige stillinger
Vi tek imot søknader via Karriere.no. Gå inn på ønska annonse, trykk på «Søk på stillinga» og følg instruksane for å registrere din CV og søknad. Ønsker du å kome i kontakt med oss utan ein utlyst stilling kan du ta kontakt på people@tersanhavyard.no.
We accept applications through Karriere.no. Enter the position you want to apply for, press “apply for position” and follow further instructions to register your CV and application. If you wish to get in touch with us without an announced position, you can contact us at people@tersanhavyard.no.
La deg inspirere!
La deg inspirere!
Vil du ha ei nøkkelrolle i oppstart og levering av nokre av dei mest avanserte skipa som blir bygde i Noreg?
Som Project Commissioning Supervisor har du det overordna ansvaret for planlegging, koordinering og gjennomføring av commissioning, testing og oppstart av skip fram til levering.
Du er kundens og prosjektet sitt viktigaste bindeledd i denne kritiske fasen!
Ansvarsområder og oppgåver
Planleggje, leie og koordinere all commissioning og oppstart av skip i prosjektet
Vere bindeledd mot prosjekt, rederi, klasse, myndigheiter og leverandørar
Organisere og leie interne og eksterne ressursar i oppstartsfasen
Gjennomføre og dokumentere SAT, HAT og prøvetur i tråd med kontrakt- og klassekrav
Følge opp framdrift, ressursbruk, kvalitet og HMS under oppstart og prøvetur
Melde avvik, foreslå forbetringar og sikre lukking
Bidra i prosjekt- og produksjonsfasen for å sikre best mogleg sluttprodukt før levering
Bygge gode relasjonar med rederi, samarbeidspartnarar og leverandørar.
Send søknaden din hit: people@tersanhavyard.no
Supervisor: røyr, elektro og maskin
Følge opp og koordinere underleverandørar og interne ressursar innan ditt fagområde
Sikre at arbeid blir utført i tråd med teikningar, spesifikasjonar og kontrakt
Delta i inspeksjonar og kontrollar saman med klasse, myndigheiter og rederi
Sikre framdrift, kvalitet og HMS i leveransen
Identifisere og melde avvik, samt følge opp korrigerande tiltak
Rapportere status, framdrift og utfordringar til prosjektleiinga
Samarbeide tett med andre fagdisiplinar for effektiv gjennomføring av prosjektet
Send søknad hit: people@tersanhavyard.no
Vi søkjer elektromontør og automatikar!
Arbeidsoppgåver:
Installasjon, trekking og terminering av kablar om bord i skip
Montering av tavler, fordelingsskap, instrument og elektrisk utstyr
Testing og idriftsetting av elektriske anlegg
Feilsøking, reparasjon og vedlikehald av system om bord
Samarbeid med andre faggrupper for å sikre effektiv framdrift
Bidra til kvalitet, HMS og god dokumentasjon i prosjektgjennomføringa
Send søknad til: people@tersanhavyard.no
Klar for nye utfordringar?
Me søkjer industrirørleggarar
Med bakgrunn i høg aktivitet og solid ordrebok søker me etter dyktige industrirøyrleggarar.
Har du fagbrev eller relevant erfaring ser me fram til å motta din søknad!
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som industrirøyrleggar
Relevant erfaring kan kompansere for manglande fagbrev
Kunne lese og tolke røyrteikningar og isometriske teikningar
Arbeidsoppgåver:
Variert produksjonsarbeid ombord nybygg og ombyggingar
Tilverke og prefabrikkere røyr og røyrdeler
Montering av komplekse røyrsystem ombord skip
Bistå ved kontroll av røyrsystem ved sertifisering og godkjenning
Vedlikehald og feilsøkning på verktøy og sveiseutstyr
Kvalitetssikring og avviksrapportering
Send søknad til: people@tersanhavyard.no