News from Tersan Havyard

Stolte over nominasjonen til årets FOLKA-pris

Vi er stolte over å ha vore nominerte til årets FOLKA-pris! Sjølv om seieren til slutt gjekk velfortent til Lerum, er vi svært glade for å ha vore blant dei fem kandidatane.

I samband med Framtidsfylke fekk vi besøk av Photoevent, som ønskte å lage ein film om oss og dei flotte medarbeidarane våre. Det vart ein inspirerande og kjekk dag på verftet!

Blant våre om lag 160 ansatte har vi representantar frå alle dei fire generasjonane: Babyboomers, Generasjon X, Millennials og Generasjon Z – noko vi er stolte av. Filmen vart vist under FOLKA-konferansen på Skei 22. oktober, og vi fekk mange gode tilbakemeldingar frå publikum. Mange peikte spesielt på at filmen viste eit varmt og ekte bilete av menneska som jobbar hos oss.

Ein stor takk til FOLKA, Framtidsfylke og Photoevent for eit flott samarbeid og ein fin film!

Tersan Havyard er heilt avhengige av den offentlege ambulansetenesta!

Tersan Havyard er ei av hjørnesteinsbedriftene i Hyllestad kommune. I dag har vi 160 faste tilsette. I tillegg kjem eit betydeleg tal underleverandørar og innleigd personell som dagleg ferdast til og frå verftet, ofte via E39.

Med den ordremengda vi har inne, vil talet på personar på området vårt auke til nær 400 i løpet av 2026.

 

HMS og beredskap er ein grunnpilar i verksemda vår. Vi har eige industrivern og er knytte til det kommunale brannvernet i Hyllestad utanom arbeidstid.

Samstundes er vi heilt avhengige av den offentlege ambulansetenesta når alvorlege hendingar oppstår og pasientar treng vidare akuttmedisinsk behandling.

 

Difor ser vi med uro på forslaget frå Helse Førde om å fjerne dagambulansen i Fjaler og flytte døgnambulansen i Lavik vekk frå E39.

Dei foreslåtte endringane vil, slik dei er lagde fram, gi vesentleg lengre responstid i vårt nærområde. For ei verksemd med mange tilsette, høg aktivitet og omfattande transport, er rask tilgang til ambulanse ein viktig del av den samla beredskapen.

Ved alvorlege skadar, akutt sjukdom eller trafikkulukker er det avgjerande at profesjonell hjelp kjem raskt fram.

 

Vi har forståing for at Helse Førde står i ein krevjande økonomisk situasjon, men håpar styret vil leggje stor vekt på konsekvensane for tryggleik og beredskap i ein region i vekst, med både industri og tung trafikk langs E39.

For oss ved Tersan Havyard er det viktig at ambulansetenesta i vårt område held eit nivå som gir tryggleik for tilsette, samarbeidspartnarar og alle som ferdast i regionen.

Difor ønskjer vi at forslaget blir grundig vurdert i lys av både dagens aktivitet og dei behova som kjem i åra framover.

Vi satsar på lærlingar!
Silje Smådal Silje Smådal

Vi satsar på lærlingar!

Hjå oss kan du ta fagbrev som industrirøyrleggar, industrimekanikar, platearbeidar, sveisar, elektrikar, automasjon og innan logistikkfaget.

Les mer
Havyard signerer milliardavtale
Geir Idar Kvalsvik Geir Idar Kvalsvik

Havyard signerer milliardavtale

Havyard har signert intensjonsavtale med Norled for bygging av 3 stk hybride batteriferger. Avtalen inkludere også opsjon på et tilsvarende fartøy

Les mer
Havyard Leirvik AS vinner nybyggingskontrakt
Geir Idar Kvalsvik Geir Idar Kvalsvik

Havyard Leirvik AS vinner nybyggingskontrakt

Verftet ved Sognefjorden har vunnet kontrakt på bygging av en hybrid arbeidsbåt for rederiet Nordlaks. Båten er designet av NSK i Harstad, og skal bygges i sin helhet ved Havyard.

Les mer