Tersan Havyard leverer nytt hybridservicefartøy til Nordlaks

Eit topp moderne referanseprosjekt for framtidas havbruksnæring. Tersan Havyard har overlevert eit nytt hybridservicefartøy til Nordlaks – eit prosjekt som markerer eit viktig steg framover både for verftet, kunden og utviklinga av miljøvennlege og teknologisk avanserte løysingar i havbruksnæringa.

Vi er stolte

Dette prosjektet er eit veldig viktig referanseprosjekt for Tersan Havyard. Det viser at vi har både kompetanse og fasilitetar til å bygge og ferdigstille eit slikt fartøy komplett frå A til Å her på verftet, seier verftsdirektør Sveinung Vestbø.
«Eg er ganske sikker på at dette fartøyet vil få betydeleg merksemd, både med tanke på utstyrsnivået og fasilitetane om bord. Eg vil rette ein stor takk til alle våre tilsette, kunden og leverandørane som i fellesskap har bidrege til at vi kan levere eit så flott produkt. Vi leverer eit topp produkt – og ein fornøgd kunde. Det er vi stolte av».

Eit design få kan måle seg med

Det nye fartøyet, teikna av NSK Ship Design og bygd ved Tersan Havyard, representerer ein ny generasjon hybridservicebåtar for havbruksnæringa. Prosjektleiar Jan Andre Førde Systad fortel at båten kombinerer kraft, presisjon og bærekraft i eit kompakt format:

«Fartøyet er bygd i stål med ei total lengde på 28,5 meter og breidde på 13,2 meter, og kombinerer stor kapasitet med presis manøvrering og høg teknologisk standard. Designet legg til rette for eit breitt spekter av operasjonar – frå slep og ankerhandtering til inspeksjon, ROV-arbeid og undervassposisjonering – alt innanfor ramma av eit effektivt og robust fartøy. Samla sett kombinerer fartøyet styrke, teknologi og berekraft i eit kompakt design som få kan måle seg med. Med dette nybygget tek Nordlaks eit nytt steg i utviklinga av effektive og miljøvenlege servicefartøy for den moderne oppdrettsnæringa», siterer prosjektleiar Jan Andre Førde Systad.

 Ankerhandteringsutstyr på nivå med større offshorefartøy

Framdrifta er basert på eit avansert dieselelektrisk hybridsystem med variabel pitch-propell i dyse, tre generatorar og kraftige elektromotorar. I tillegg er fartøyet utstyrt med eit batterisystem (ESS) på om lag 1100 kWh, som gir moglegheit for peak shaving, reduserer drivstofforbruket og gjer det mogleg å operere heilt stillegåande i periodar med låg belastning. Samla med landstraumstilkobling bidreg dette til ein markant reduksjon i utslepp og støy – ein tydeleg miljøgevinst.

Trass i den kompakte storleiken er båten utstyrt med ankerhandteringsutstyr på nivå med større offshorefartøy, inkludert kraftige elektriske vinsjar, taupinnar, platelås og haikjeft dimensjonert for tunge operasjonar. På dekk står to hydrauliske knekkbomkranar på heile 200 tonnmeter kvar, med inntil 25 meters rekkevidde, noko som gir stor løftekapasitet og effektiv handtering av tungt utstyr både på dekk og i sjø.

Eit anna høgdepunkt er det integrerte ROV-systemet, direkte kopla til kontrollsystemet på brua. Løysinga gjer det mogleg for operatørane å overvake og styre undervassfartøyet med høg presisjon frå same arbeidsstasjon som dei øvrige operasjonane – eit døme på kor gjennomtenkt fartøyet er bygd for framtidas behov i havbruksdrifta.

 Bygd i sin heilheit hos Tersan Havyard

VP Project Vegard Skår trekkjer særleg fram korleis prosjektet har kombinert avansert teknologi, smart design og godt handverk:
«Med B152 har vi levert eit state of the art arbeidsfartøy som representerer det nyaste innan teknologi og innovasjon i segmentet. Fartøyet har imponerande kapasitetar, og prosjektet har stilt høge krav til plassutnytting og teknisk integrasjon. Samtidig har komfort for mannskapet vore eit sentralt fokusområde gjennom heile prosessen. Vi er stolte over å ha levert eit så komplekst fartøy frå eige verft – bygd i sin heilheit hos Tersan Havyard. Samarbeidet med Nordlaks har vore både lærerikt og gjevande, og vi vil framheve innsatsen frå folka ved verftet. Det er deira kompetanse og engasjement som har gjort dette mogleg».

 

Eit tett samarbeid

Sverre Mikalsen Hals frå Nordlaks legg vekt på at det tette samarbeidet har vore ein nøkkelfaktor for resultatet:
«Samarbeidet med Tersan Havyard har vore tett, konstruktivt og prega av eit sterkt engasjement for å få til det beste resultatet, heilt frå designfasen til dit vi er komne i dag. Vi har hatt dyktige inspektørar på plass i Leirvik sidan januar som har følgt bygginga tett», fortel Nordlaks.
«Byggeprosessen har vore både lærerik og engasjerande – slik det skal vere ved eit nybygg. Det har vore rom for gode, og til tider krevjande diskusjonar, men gjennom eit tett samarbeid har vi kome fram til dei beste løysingane. Når Raften set kursen nordover, ventar både ankerhandtering, ROV-operasjonar og slepeoppdrag. Vi ser fram til å ta fartøyet i bruk. Dette er neste generasjon servicebåt – og den vil bety mykje for heile Nordlaks».

Neste
Neste

Ny produksjonssjef