Ny produksjonssjef
Tersan Havyard har fått ein ny, erfaren produksjonssjef. Lars Ragnvald Djupevåg kjem frå Norheimsund, og har lang og brei erfaring frå den maritime bransjen – både frå verft, leverandørkjede og leiande stillingar i ulike selskap.
Solid bakgrunn frå bransjen
Lars starta yrkeskarrieren som lærling og maskinmontør ved Kværner Fjellstrand, tok fagbrev i 1988 og seinare maskinistutdanning. Han har vore maskinsjef i Kystverket, prosjektleiar i Brødrene Aa, prosjektingeniør ved Djupevåg Båtbyggeri og hatt sentrale leiarroller hos Kværner Fjellstrand. Frå 2002 til 2012 leia han sjølv Djupevåg Båtbyggeri, før han gjekk vidare til TTS Offshore Solutions og seinare McGregor, der han hadde ansvar for den globale olje- og gassverksemda. Dei siste åra har Lars vore dagleg leiar i Miljø og Havbruk AS, med ansvar for utleige og konseptutvikling av brønnbåtar til oppdrettsnæringa.
Gjennom karrieren har han vore tett involvert i store og innovative prosjekt – frå utvikling av karbonfiberkatamaranar og offshore-kransystem til konseptutvikling av moderne brønnbåtar. Han har også hatt ansvar for leveransar til både nybygg og restaureringsprosjekt, inkludert Operaen i Oslo og historiske fartøyprosjekt.
Eit verdifullt tilskot til laget
Lars sin lange erfaring frå maritim industri, kombinert med brei leiarbakgrunn, gjer han godt rusta til rolla som produksjonssjef. Han er strukturert, målretta og klarar å balansere det å stille nødvendige krav med å vere ein lagspelar, seier CEO Sveinung Vestbø. – I tillegg til å følgje opp det gode arbeidet Tersan Havyard er kjent for, vil han med «nye auge» sjå på utvikling og prosessar som kan bidra til ytterlegare forbetringar i produksjonen. Vi er svært glade for å få Lars med på laget.
Med si solide erfaring, store engasjement og gode samarbeidsevner blir Lars Ragnvald Djupevåg eit viktig tilskot til Tersan Havyard.
«Tersan Havyard består av dyktige og framoverlente tilsette, og der passar Lars godt inn. Vi er veldig fornøgde med å få deg med på laget – velkomen til oss!»