Hels på framtida vår!

Denne hausten har vi gleda av å ynskje våre nye lærlingar velkomne til verftet. Dei er klare for å ta fatt på ein spennande lærlingperiode, og vi ser verkeleg fram til å ha dei med på laget.

Årets lærlingar er Adrian Lekva (elektrikar), Brage Hellebø (industrimekanikar), Hedda Austgulen Molde (platearbeidar) og Asgeir Feten (industrikekanikar)

For oss er det viktig å satse på lærlingar. Dei bidreg ikkje berre med energi, motivasjon og nye perspektiv, men er også heilt avgjerande for å sikre kompetansen til verftet vidare.

HR ansvarleg Marita Lavik fortel ho synest det er kjekt å sjå nye ansikt på verftet. “ Lærlingane er framtida vår. For oss er det avgjerande å vidareføre kompetansen innan maritimt arbeid, og då er vi heilt avhengige av unge, engasjerte folk som ønskjer å lære og utvikle seg. Dei tilfører energi og styrke til heile organisasjonen”.

Vi ønskjer lærlingane lykke til – og ser fram til å følgje utviklinga deira dei komande åra!

Neste
Neste

Girl Power på verftet