Girl Power på verftet

Etter eit år fylt med læring, meistring og spennande erfaringar er traineeane Matilde Gjesdal (27) og Helena Dyregrov (25) ferdige som traineear hos Tersan Havyard. Gjennom året har dei fått varierte oppgåver, og sett korleis teori blir til praksis i ei framtidsretta maritim næring. Med pågangsmot og nysgjerrigheit har dei bidrege med friske perspektiv – No har dei begge takka ja til fast stilling, så vi gler oss til å ha dei med vidare i teamet!

 

Matilde har ein bachelor i markedsføring og kommunikasjon, og har studert på Høgskulen Kristiania i Oslo.

 

Matilde kom inn som trainee hos meg på markedsavdelinga. På forhånd blei ho advart om at markedsføring var nytt for oss å handtere sjølve, og at ho mest truleg ville synes det var kaotisk til tider. Heldigvis er Matilde framoverlent og tok utfordringa på strak arm! Med godt humør, positiv energi og stort pågangsmot har Matilde tatt fatt på alle dei sprø og rare ideane som har dukka opp undervegs, i tillegg har ho laga mykje godt materiale som viser mangfaldet i det vi driv med. Arbeidsoppgavene er mildt sagt varierte med alt i frå bilde/video taking, til tekstskriving, produksjon av dokumentamalar, strategi oppfølging for marked, oppdateringa av sosiale media med meir. Ho har utført oppgavene godt og eg er glad for at ho har valgt å fortsette si utvikling her med oss. Ho er ein lagspelar som får folk med seg og skapar engasjement i det vi driv med, ho ser menneska rundt seg og er ein særs aktiv bidragsytar til arbeidsmiljøet. Eg gler meg til fortsettelsen med Matilde, fortel mentor Silje Smådal.

 

«Traineeåret mitt har vore både utfordrande og utruleg læringsrikt. Eg har fått høve til å stå på eigne bein og prøve meg på varierte oppgåver som har gitt både fagleg vekst og meistringskjensle. Noko av det eg har likt aller best, er å lage innhald til sosiale media – eg elskar den kreative biten med jobben min! Eg har også fått vere med på fleire messer, som Nor-Shipping, ONS og ulike karrieremesser, noko som har vore spennande møteplassar og gode arenaer for å lære og skape nettverk i bransjen. Gjennom året har eg hatt ein fantastisk mentor som verkeleg kan faget sitt, og som har delt av både kunnskap og erfaring. Frå første dag har eg blitt godt tatt imot av kollegaene, og eg sit igjen med mykje inspirasjon og nye verktøy eg vil ta med meg vidare».

 

Helena Dyregrov har studert allmenn maskinteknikk ved Høgskulen på Vestlandet:

Mentor Hanne Bruaas: Eg har hatt gleda av å dele kontor med Helena i eit halvt år. I 3 av dei månadane var ho del av teamet vårt på innkjøp. Helena har vore involvert i, og handtert innkjøpsarbeid fra A-Å samt vore delaktig i kvalitetssikringarbeid av leverandørar. Det har vore ein fryd å ha Helena med på laget - det er slik at når ho får ei oppgåve, kan du gløyme den - for du veit det blir gjort rett og med god kvalitet. I tillegg har ho veldig fin humoristisk sans, noko eg synes er ein kjempeviktig eigenskap å ha for å vere ein god kollega. 

Vil ønskje Helena masse lykke til i fast jobb i Tersan Havyard som Planleggar! 

«Gjennom traineeåret har eg fått jobbe på fleire ulike avdelingar – plan, innkjøp, dokumentasjon og kvalitet – noko som har gitt meg ei unik moglegheit til å sjå heilskapen i korleis ein jobbar med prosjekt på tvers i organisasjonen. Eg har fått innsikt i både nybygg, reparasjon og ombygging, i tillegg til nybyggingsprosjekt ved verftet til Tersan Shipyard i Tyrkia. Eit av dei store høgdepunkta var turen til Tyrkia, der eg fekk sjå verftet og møte dei dyktige folka som jobbar der. Det beste med traineestillinga har vore dei varierte arbeidsoppgåvene, den bratte læringskurva og ikkje minst alle dei flinke menneska eg har fått jobbe saman med. Eg trur traineeperioden har gitt meg eit solid grunnlag for vidare arbeid i bransjen, og eg gler meg til å fortsette i Tersan Havyard som planleggar – og ser fram til mange lærerike år framover».

Neste
Neste

TRE NYE FAGARBEIDARAR KLARE FOR FRAMTIDA