TRE NYE FAGARBEIDARAR KLARE FOR FRAMTIDA
Vi er stolte av å kunne gratulere tre av våre lærlingar med bestått fagprøve! Gjennom hardt arbeid, mykje læring og entusiastisk innsats har dei nådd målet.
Jardar kjos er 20 år, og har teke fagbrev som elektrikar.
«Under læretida mi har eg gjort mykje varierande som eg har trivdes godt med. På Tersan Havyard er det veldig mange dyktige folk som har gjort til at kvardagen min har vore lærerik og veldig kjekk. Eg har stortrivast på Tersan Havyard, og derfor har eg valgt å begynne på fagbrev nr 2 i automasjon her».
20 år gamle Thomas Dalsøren har teke fagbrev som platearbeidar.
«Det å vere lærling som platearbeidar hos Tersan Havyard har vore både utfordrande og svært læringsrikt. Eg har fått utvikle meg fagleg kvar einaste dag, samtidig som eg har vore ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Det har vore mykje å lære, og eg har heile tida kjent på støtte frå flinke kollegaer rundt meg. Eg er veldig fornøgd med korleis fagprøva gjekk – det kjennest godt å kunne avslutte læretida med ei solid meistringskjensle. No ser eg fram til å ta med meg erfaringane vidare. Kven veit – kanskje det blir fagbrev nummer to her etter kvart?»
Øystein Takle (19) har teke fagbrev som industrimekanikar.
«Etter to år med varierte og spennande utfordringar, ser eg tilbake på ei utruleg lærerik tid som lærling. Eg har hatt ein kjekk og variert arbeidskvardag med mange nye erfaringar, og ikkje minst eit veldig godt arbeidsmiljø. Eg er stolt over å kunne seie at eg har teke fagbrevet og er klar for nye moglegheiter».
HR ansvarleg Marita Lavik er særs imponert over lærlingane, og håper dei vil fortsette karrieren sin hjå oss.
- Ønsker du å ta steget som lærling, les meir og søk HER