Eg ynskjer fleire jenter velkomne til oss

Elisabeth Aven Langeland starta som lærling i elektrikarfaget i Havyard i 2017, og sidan den gong har ho hatt store delar av arbeidslivet sitt innanfor portane på verftet. No har ho teke fagbrev nummer 2.

Elisabeth Aven Langeland (26)

Eg begynte å jobbe i Havyard hausten 2017, då eg starta som lærling i elektrikarfaget. Læretida mi varte i om lag 2,5 år, og i mai 2020 tok eg fagprøva og fekk fast jobb i Havyard etter endt læretid. Eg jobba der fram til august 2021, då elektroavdelinga valde å starte si eiga sjølveigde bedrift – YS Elektro. Der har eg vore tilsett heilt fram til mars 2025, då YS Elektro blei fusjonert inn att i Tersan Havyard. Så sidan då har eg vore Havyard-tilsett igjen.

Artig å sjå dei tomme skroga frå Tyrkia

Etter grunnskulen starta eg på yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule, der eg fullførte to år på elektrofag før eg gjekk ut i læretid. Eg kan «nesten» seie at eg har jobba innanfor portane på verftet heilt sidan 2017, og det har vore både lærerikt og kjekt. Ein får vere med på utruleg mykje om ein viser engasjement og tek initiativ. Spesielt artig å sjå korleis dei tomme skroga frå Tyrkia blir utrusta hjå oss. Der ein startar med kabeltrekk, montering av utstyr og kobling, til og ende opp med å utføre sluttkontrollar, eigentesting av system ombord og til slutt vise fram og overlevere eit ferdig produkt.

Nyleg har eg tatt fagbrev i automatikarfaget. Fagprøva gjekk over ti arbeidsdagar og bestod av fleire ulike oppgåver innanfor reguleringsteknikk, kalibrering, feilsøking, teikning og systemforståing. Prosessen fram mot fagprøva har gått over to og eit halvt år. Opplæringskontoret vårt, Fagopplæring Elektro, arrangerte kurs der vi var ein liten gjeng frå ulike firma i gamle Sogn og Fjordane. Kursa bestod av ein samlingsdag i månaden, og var til stor hjelp i førebuingane til eksamen. Fordi elektrikarfaget og automatikarfaget har ulike utdanningsløp, måtte eg ta to nye teoretiske eksamenar – ein for VG2 og ein for VG3.

Ønska å styrke eiga kompetanse

Motivasjonen for å ta eit nytt fagbrev var å styrke eigen kompetanse – noko som både kjem godt med no og vil vere nyttig seinare, dersom eg vil prøve meg på nye utfordringar. Under fagprøva fekk eg spesielt vist fram kunnskapar innan feilsøking, teikning og systemforståing. Eg har tidlegare vore mykje med på oppstart av system om bord i båtane, og det har gitt meg verdifull erfaring som eg kunne trekke inn i fagprøva.

Eg tenkjer at fleire faggrupper i bedrifta bidreg til meir kunnskap og kompetanse, noko som kjem både oss tilsette og Havyard som heilskap til gode. Etter fagprøva sit eg igjen med mange gode erfaringar – og det var absolutt verdt det. Hadde det ikkje vore for at eg fekk moglegheita gjennom jobben, hadde eg truleg ikkje tatt fagbrevet. Eg er veldig glad for at bedrifta legg til rette for at ein kan ta fleire fagbrev, og det gjeld også dei andre faggruppene hos oss. Det er ekstra kjekt å sjå at fleire i bedrifta no ønskjer å gå same løp som eg har gjort.

Framtida

Når det gjeld framtida, så starta eg på fagskulen i haust – eit deltidsstudium over tre år på linja «Industriell automasjon». Eg er så heldig at eg får ta studiet med full lønn frå Havyard, og eg gler meg til alt det spennande som framtida på verftet vil bringe.

Til slutt vil eg leggje til at eg gjerne ønskjer fleire jenter velkomne til oss – det hadde vore veldig kjekt å få fleire kvinnelege kollegaer i produksjonen!


Neste
Neste

Tersan Havyard leverer nytt hybridservicefartøy til Nordlaks