B153 har lagt til kai i Leirvik: Starten på ei ny tid for verftet!
Søndag ettermiddag la det første Tersan-bygde skroget – B153 – til kai i Leirvik. Ankomsten markerer ikkje berre starten på bygginga av fire nye ferjer, men òg ei ny og viktig epoke for Tersan Havyard.
Ein stor dag for oss alle
«Dette var ein stor dag for heile organisasjonen. Endeleg kom det første av fleire framtidige samarbeidsprosjekt frå våre Tersan-kollegaer i Tyrkia til Leirvik. Vi skal halde fram med å levere topp moderne fartøy med høg kvalitet – til glede både for oss som verft og for kundane våre. Eg håpar alle kjente på stoltheit og glede, då B153 la til kai. Ein skal vite at kvar einaste medarbeidar er ein viktig bidragsytar. I lag, på tvers av alle fagområde, går vi no inn i ei spennande framtid innan både nybygg, reparasjon og ombygging», seier verftsdirektør Sveinung Vestbø.
Stram oppfølging og avansert teknologi
Prosjektleiar Torleif Sundbotten fortel at tida framover blir prega av høg aktivitet og nøye planlegging.
«Leveransar av innkjøpte komponentar er høgt prioritert no, spesielt fordi mykje av det viktigaste utstyret kjem i perioden november–januar. Vi følgjer leverandørane tett for å sikre rett tid og rask oppfølging av eventuelle avvik», seier han.
Solid design og kvalitet i alle ledd
«LMG Marin står for basic design, medan Tersan Shipyard har hatt ansvar for detail design og bygging av skroga. Samarbeidet med både LMG og Tersan Shipyard har vore svært godt. LMG har levert teikningar av høg kvalitet til rett tid, slik at vi har fått avklaringar frå både NMA og DNV utan forsenkinga, seier Sundbotten.
Tersan Shipyard og Tersan Havyard har brukt tida godt til å forstå kvarandre. Begge verft har tilpassa seg kvarandre sine kulturar og arbeidsmåtar, noko som gjer samarbeidet sømløst. Når vi òg deler dei same eigarane og måla, står vi sterkt rusta for dei tre neste ferge skroga som kjem.
NES (Norwegian Electric Systems) er ein hovudleverandør i prosjektet og står for tavler, batteri og navigasjons- og automasjonssystem. Dialogen sidan kontraktinngåing i mai 2024 har vore svært god. Testing og leveransar går etter plan, og vi har stor tru på NES sin gjennomføringsevne», seier Sundbotten.
– No får vi vise kva vi kan
For HR-sjef Marita Lavik er ankomsten av skroget også ein milepæl for organisasjonen:
«Vi har styrka laget gjennom 2025 med kompetansen vi treng for å sikre framdrift og kvalitet i nybyggingsprosjekta som kjem i 2026. Dette arbeidet held fram inn i det nye året. Det blir ei travel tid, og difor er god kommunikasjon, samarbeid og omsorg for kvarandre heilt avgjerande, seier ho. Vi gler oss enormt over at skoget har kome og til å vise kva vi kan oppnå når vi dreg lasset saman. Dette er kjernen i identiteten vår – og no får vi igjen moglegheita til å vise det», seier Lavik.