Årets første karrieremesse

I går kickstarta vi messeåret med karrieremesse i Høyangerhallen. Vi var godt representerte med fire lærlingar, ein frå QHRS, marknadsførar og HR-sjef Marita Lavik. Med høg aktivitet og mange besøkande på standen var vi blant dei mest synlege aktørane på messa.

Marknadsførar Matilde Gjesdal fortel at messer er noko av det ho likar aller best i jobben sin:

– Messene er noko av det kjekkaste eg gjer. Eg trivst godt med å vere sosial, møte folk og særleg å få jobbe tett på unge som er på veg ut i arbeidslivet. Samstundes ligg det mykje arbeid bak ei vellukka messe – alt frå å utvikle innhald, planleggje konkurransar og sørgje for ein stand som skil seg litt ut.

Ho legg til at Havyard i år har satsa ekstra mykje på synlegheit:

– I år går vi «all in» med messevegg, rollups, giveaways som handlenett og drops, samt flotte premiar. Dette er noko vi kjem til å halde fram med på kommande messer også. Det er viktig for oss å vise at vi ønskjer å investere tid, pengar og energi i lærlingane våre, og at vi verkeleg ønskjer å ha dei med i Tersan Havyard teamet, derfor bjudar vi litt ekstra på!

Andre messer vi skal på:
I tillegg til karrieremessa i Høyanger vil vi også vere å finne på karrieremessene i Dale og på Framtidsfylket si karrieremesse i Grieghallen i Bergen.

HR-sjef Marita Lavik forklarer kvifor årets satsing har vore ekstra tydeleg:

– Vi har tidlegare hatt utfordringar med å rekruttere så mange lærlingar frå Høyanger som vi skulle ønskje. Difor har vi i år valt å satse fullt. Lærlingar frå Høyanger sit på kompetanse vi er svært interesserte i å få inn hos oss.

Ho fortel vidare at behovet for nye medarbeidarar er stort:

– I år er vi spesielt på jakt etter elektrikarar, industrimekanikarar og fleire medarbeidarar innan produksjonen. V ha også lyst ut to traineestillingar, innan plan og QHRS – som vi gjerne kjem til å ha ekstra oppmerksomheit mot i Grieghallen.

Fleire ledige stillinger hjå oss
I tillegg til lærling- og traineear har selskapet fleire andre spennande stillingar ute, til dømes treng vi arbeidsleiarar. Fleire stillingar vil også bli lyst ut i løpet av året, så følg med!

– Verftet er inne i ei spennande utvikling, og vi treng fleire dyktige medarbeidarar. Vi håpar både lokalbefolkninga og våre eigne tilsette vil hjelpe oss med å spreie ordet, slik at vi får dei rette folka med på laget, avsluttar Lavik. Vi har også oppretta ein eiga rekrutterings e-post, så dersom nokon les dette og er nysgjerrig på nokon av stillingane eller trur dei kan vere interissant for oss – ta gjerne kontakt med oss på people@tersanhavyard.no

Forrige
Forrige

Ønsker du søkje sponsormidlar hjå oss?

Neste
Neste

B153 har lagt til kai i Leirvik: Starten på ei ny tid for verftet!