Suksess med leverandørdag i Leirvik
Tersan Havyard arrangerte for fyrste gang leverandørdag på Hotell Sognefjord i Leirvik. Tysdag 2. april 2025 samla vi over 70 deltakarar frå 40 ulike selskap i Norge og Europa. Dette var ein perfekt arena for nye leverandørar til å knyte kontakt med nøkkelpersonell hos Tersan Havyard, og for eksisterande leverandørar til å styrkje relasjonane.
Agendaen var fullpakka med presentasjonar om alt frå verftet og eigarane våre Tersan Shipyard til innkjøp, kontraktar, kvalitet, HMS, og gjennomgang av prosjekta. SAIM catering presenterte òg sine forpleiningstilbod på brakkene og i kantina. Dagen vart runda av med ei omvising på verftet i eit nydeleg vestlandsvêr!
Vi kunne ikkje ha bedt om betre rammer rundt dagen vår, og vi set pris på den store interessa for verftet vårt og den aktiviteten vi har. Vi er takknemlege for alle som deltok, og vi håpar på mykje godt samarbeid i tida som kjem. Denne dagen var viktig for å byggje sterke relasjonar og leggje grunnlaget for framtidige
Vegard Skår, VP Project og Fredrik Gustafsson, Project Manager
Omvisning på verftet
Anette Traa, VP HSEQ gir innføring i Verftet sine krav til underleverandørar.