Skrog nummer to har komt til Leirvik!

Av serien på fire skip til Norled har skrog nummer to komt til Leirvik – berre to månader etter at det første ankom i november. Framdrifta i prosjektet stadfestar eit høgt tempo og god kontroll i alle ledd av leveransen.

Med kontroll på heile verdikjeda internt – frå stålkutting til levering ved kai i Leirvik – ser vi tydelege effektar i form av effektiv prosjektgjennomføring og levering i tråd med plan. Begge dei to skroga som no er sjøsett, er leverte til avtalt tid frå Tyrkia.

Eit eige team i Tyrkia, dedikert til leveransar som skal innom Noreg, bidreg til strømlinjeforma kommunikasjon og effektiv framdrift. Det tette samarbeidet mellom engineeringmiljøa i Noreg og Tyrkia sikrar ein gjennomarbeidd og solid detaljprosjektering frå dag éin.

– Vi ser no tydelege effektar av samarbeidet mellom dei to Tersan-verfta. Leveransen av skrog nummer to viser korleis god samhandling og koordinert gjennomføring gir både høgare kvalitet og framdrift i henhold til plan, seier Vegard Skår.

Planlegging er grunnsteinen i arbeidet vårt, og vi jobbar aktivt med gode planar heilt frå starten av kvart prosjekt. Opne kommunikasjonslinjer og tett samhandling på tvers av landa skaper reelle synergiar – både i skrogbygginga i Tyrkia og i utrustingsfasen i Noreg.

Dette prosjektet er eit godt døme på korleis vi nyttar kompetanse på tvers i gruppa for å skape dei beste løysingane – og levere både på tid og budsjett.

Neste
Neste

Tersan Havyard signerer kontrakt med Fjord 1