Fredag 20.11.26 blei bygg nr 153 MF Søholmen overlevert frå Tersan Havyard til Norled.
Overleveringa markerer ein stor milepæl i arbeidet med å ferdigstille ein serie på heile fire ferger for sambandet Stokkvågen-Træna.
MF Søholmen er det aller første nybyggs prosjektet Tersan Havyard har levert til Norled. Etter fleire år med godt samarbeid på ombyggings- og serviceprosjekt, er det difor ein viktig milepæl for begge partar å kunne markere overleveringa av eit prosjekt av denne storleiken og kompleksiteten.
- Å få overlevere eit fartøy er ei stor markering av innsats som er lagt ned av mange menneske over lang tid. Til tross for kort tid i sjefsstolen har eg fått erfare det enorme engasjementet og kompetansen som har vore lagt ned for å realisere dette fartøyet. No ser vi fram til å ferdigstille dei neste fergene i serien, og byggje vidare på samarbeidet saman med Norled, seier CEO Leiv Helge Klævold.
Serien markerer òg ein viktig milepæl for Tersan Shipyard og Tersan Havyard. Dette er dei første fartøya som er bygde i samarbeid mellom selskapa etter at dei blei samla under Tersan- navnet. Skroga er bygde ved Tersan-verftet i Tyrkia før fartøya blei frakta til Leirvik for vidare utrustning.
- Overleveringa av MF Søholmen er ein veldig viktig dag for alle som har vore involverte i prosjektet. Å sjå eit fartøy gå frå teiknebrett til operativ drift, er ei fantastisk reise å få være med på, og vi er glade for å ha nådd denne milepælen saman med Norled, seier VP Sales Silje Smådal.
Bilde: Tersan Havyard
Frå venstre: Norled- Maskinsjef Simon Haram , CEO Tersan Havyard- Leiv Helge Klævold, Norled- Kaptein Frode Andersen, VP Production Tersan Havyard - Lars Djupevåg, Norled- Matros Fredrik Hagesæter