Elektrikar commissioning/oppstart
ADRESSE
6953, LEIRVIK I SOGN
HELTID/DELTID
Heltid
STILLINGSFUNKSJON
Produksjon
SØKNADSFRIST
Snarest
Vil du vere med og byggje framtidas skip?
Elektrikar commissioning/oppstart
Skipsbyggerier og -verft
Vi søker fleire medarbeidarar til vårt commissioning-team.
Vi ser etter fleire dyktige medarbeidarar som kan bistå commissioning-teamet med oppfølging, testing og igangsetting av tekniske system, samt bidra til framdrift og ferdigstilling av prosjekt.
Arbeidsoppgåver
Installasjon, trekking og terminering av kablar om bord i skip
Montering av tavler, fordelingsskap, instrument og elektrisk utstyr
Testing og idriftsetting av elektriske anlegg
Feilsøking, reparasjon og vedlikehald av system om bord
Samarbeid med andre faggrupper for å sikre effektiv framdrift
Bidra til kvalitet, HMS og god dokumentasjon i prosjektgjennomføringa
Utføre HAT til rederi/klasse
Oppfølging av systemintegrator og underleverandørar
Kvalifikasjonar
Fagbrev som elektrikar / elektromontør (elektrikarfaget, automatikarfaget eller tilsvarande)
Erfaring frå skipsbygging, industri eller offshore er ein fordel.
Kunnskap om kontaktorstyring, PLS, sensorikk og feilsøking.
God systemforståelse innen både elektro og røyr, samt evne til å lese og forstå elektro-teikningar og skjema
Kjennskap til relevante forskrifter og regelverk (FEL, NEK, DNV, IEC) er ønskjeleg
Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy
Stillinga rapporterer til: Teamleiar Elektro
For meir informasjon om stillingen er du velkommen til å ta kontakt med Teamleiar Elektro Karl Gunnar Hammersland, telefon 489 97 708 eller e-post karl.hammersland@tersanhavyard.no
Passer ikke denne stillingen for deg, men du har likevel lyst å bli en del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spennende kompetanse, også de med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne en åpen søknad!
Vi tilbyr
Ei spennande rolle i eit sterkt og tverrfagleg ingeniørmiljø.
Varierte og teknisk krevjande prosjekt innan nybygg og ombygging.
Konkurransedyktige vilkår og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med stolte kollegaer.
Personlege eigenskapar
Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig.
Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere på tvers av fagmiljø.
Praktisk forståing og interesse for produksjon og løysingar om bord.
Positiv, løysingsorientert og initiativrik.
Ved å sende inn søknaden godtar du vår personvernerklæring.
Les vår personvernerklæring.
Om Tersan Havyard
Tersan Havyard er eit moderne skipsverft med lange tradisjonar innan skipsbygging, lokalisert i Leirvik i Hyllestad kommune ved Sognefjorden. Me er ein del av det internasjonale Tersan-konsernet og har solid erfaring med bygging, utrusting og ombygging av avanserte fartøy til den maritime næringa.
Med dyktige medarbeidarar, høg fagkompetanse og eit sterkt fokus på kvalitet leverer me skreddarsydde løysingar til kundar både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom tett samarbeid mellom ulike fagmiljø arbeider me kvar dag for å utvikle og levere framtidas fartøy, med særleg vekt på innovative og berekraftige løysingar.
Tersan Havyard er ein viktig arbeidsplass i regionen og ei verksemd i vekst. Me har eit breitt spekter av fagområde og tilbyr spennande karrieremoglegheiter innan mellom anna produksjon, tekniske fag, prosjektleiing og administrasjon.
Våre verdiar er openheit, integritet, respekt og arbeidsglede, og visjonen vår er å vere «best blant dei største».
Hjå oss blir du ein del av eit internasjonalt arbeidsmiljø der samarbeid, fagleg utvikling og engasjement står sentralt. Me er alltid interesserte i å kome i kontakt med dyktige menneske som ønskjer å vere med på å utvikle Tersan Havyard vidare.
Velkomen til å utforske moglegheitene hjå oss!
Fant du en feil, eller liker du nettsiden? Jeg vil gjerne høre fra deg! Send meg gjerne en e-post på bohdandimov94@gmail.com .