Planleggar
ADRESSE
6953, LEIRVIK I SOGN
HELTID/DELTID
Heltid
STILLINGSFUNKSJON
Produksjon
SØKNADSFRIST
Snarest
Om Tersan Havyard
Tersan Havyard er eit moderne skipsverft med lange tradisjonar innan skipsbygging, lokalisert i Leirvik i Hyllestad kommune ved Sognefjorden. Me er ein del av det internasjonale Tersan-konsernet og har solid erfaring med bygging, utrusting og ombygging av avanserte fartøy til den maritime næringa.
Med dyktige medarbeidarar, høg fagkompetanse og eit sterkt fokus på kvalitet leverer me skreddarsydde løysingar til kundar både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom tett samarbeid mellom ulike fagmiljø arbeider me kvar dag for å utvikle og levere framtidas fartøy, med særleg vekt på innovative og berekraftige løysingar.
Tersan Havyard er ein viktig arbeidsplass i regionen og ei verksemd i vekst. Me har eit breitt spekter av fagområde og tilbyr spennande karrieremoglegheiter innan mellom anna produksjon, tekniske fag, prosjektleiing og administrasjon.
Våre verdiar er openheit, integritet, respekt og arbeidsglede, og visjonen vår er å vere «best blant dei største».
Hjå oss blir du ein del av eit internasjonalt arbeidsmiljø der samarbeid, fagleg utvikling og engasjement står sentralt. Me er alltid interesserte i å kome i kontakt med dyktige menneske som ønskjer å vere med på å utvikle Tersan Havyard vidare.
Velkomen til å utforske moglegheitene hjå oss!
Vil du vere med å sikre framdrift og kontroll i bygginga av framtidas skip?
Planleggar
Skipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av maritime fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, eit sterkt fagmiljø og over 100 års erfaring med skipsbygging.
Vi opplever auka aktivitet og ei stadig veksande ordrebok, og søkjer no ein dyktig Planleggar til vårt planleggingsteam i Leirvik.
Arbeidsoppgåver
Som planleggar hos Tersan Havyard vil du vere ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa. Du bidrar til å skape oversikt, struktur og framdrift på tvers av fag og avdelingar.
Etablere, vedlikehalde og følgje opp prosjektplanar og timebudsjett for dei ulike produksjonsdisiplinane.
Utføre trendanalysar og aktivt evaluere framdrift i produksjonen.
Rapportere framdrift og timeforbruk i samsvar med byggestatus.
Bidra til kontinuerleg forbetring av malar, metodar, prosedyrar og verktøy innan planlegging.
Samarbeide tett med prosjektleiarar, avdelingsleiarar og produksjon for å sikre rett styringsinformasjon.
Aktivt bidra til samarbeid og sterke relasjonar på tvers av organisasjonen
Kvalifikasjoner
Erfaring som planleggar eller prosjektplanleggar – gjerne frå maritim, fornybar, olje/gass eller bygg/anlegg.
Høgare teknisk utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning).
Erfaring med OPC eller andre planleggingsverktøy
God forståing for prosjektstyring, framdriftsanalyse og ressursplanlegging.
Meget gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Proaktiv, strukturert og sjølvgåande.
Analytisk og nøyaktig, med evne til å sjå heilskapen i prosjektet.
Gode samarbeidsevner og evne til å påverke og støtte andre fagområde.
Positiv, løysingsorientert og engasjert i kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i eit sterkt og tverrfagleg planleggingsteam.
Varierte prosjekt i eit internasjonalt skipsverftsmiljø.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad av arbeidsmetodikk.
Konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Stillingen er underlagt VP Production.
Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
For meir informasjon om stillingen er du velkommen til å ta kontakt med Planleggingssjef Robert Borlaug, telefon 906 27 732
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!