Varslingskanal
Varslingskanalen kan brukast dersom du har opplevd eller observert kritikkverdige forhold knytte til Tersan Havyard som du meiner me bør kjenne til og følgje opp.
Dette kan mellom anna gjelde brot på lover og reglar, fare for liv og helse, kritikkverdige arbeidsmiljøforhold, trakassering, korrupsjon eller økonomiske mislegheiter, brot på etiske retningslinjer eller andre kritikkverdige forhold.
Kanalen er tilgjengeleg for tilsette, innleigde, tilsette hos leverandørar og underleverandørar, kundar og andre som ønskjer å melde frå om forhold knytt til verksemda vår.
Kontaktinformasjon (valfritt)
Du kan sende inn varselet heilt anonymt. Dersom du varslar anonymt, har me ikkje moglegheit til å kontakte deg dersom me treng fleire opplysningar, eller gi deg tilbakemelding om mottak, status eller vidare behandling av saka.
Dersom du ønskjer at me skal kunne kontakte deg med spørsmål eller gi deg tilbakemelding, kan du frivillig oppgi e-postadresse eller telefonnummer. Kontaktopplysningane blir behandla konfidensielt og berre brukt i samband med behandling av varselet.